Kari Ann Storeskar
Arbeidsleder i vaskeriet
Eg har ansvaret for den daglige drifta i vaskeriet. Opplæring, veiledning og oppfølging av både andre arbeidslederar og ansatte arbeidstakera i VTA. Har også mykje kundekontakt, samt kontakt og samarbeid med NVK (Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn). Eg har hovedansvaret for at bransjestandarder og interne kontrollar og rutiner blir fylgde. Eg jobbar tett saman med alle som er i vaskeriet, og tar del i utviklingsarbeid og arbeid for at andre skal nå sine mål.
Eg har bakgrunn som reinhaldar på Gol arbeidssenter, der eg og jobba saman med brukarane. Det å jobbe saman med menneske som hadde spesielle behov, var veldig meiningsfullt, og gjorde til at eg søkte på jobben som arbeidsleder på Vinn.
I jobben min får eg jobba tett på menneske, men også med praktisk arbeid, det motiverer meg. Her på Vinn er ingen dagar like, dette er noko som eg likar godt. Det gode samarbeidet mellom kollegaer på jobb betyr mykje for meg, det er som min andre familie. Eg har valgt å jobbe på Vinn fordi det er en meningsfull og viktig jobb.
På fritida liker eg å vera saman med familien min. Tilbringe tid saman med barnebarn, betyr mykje for meg. Er også engasjert i drifta ved Skaga ridesenter og Hallingen hestesportklubb. Ellers liker eg å vera ute i naturen med gå -og skiturer.