Kari Beate Turhus
Driftsansvarlig, Jobbfrukt
Ansvarlig for jobbfrukt-avdelingen – pakking, utkjøring, kundeoppfølging, innkjøp og fakturering, medansvarlig på reinhald og kantine.
Utdanna dame og herrefrisør. Har drivi frisørsalongar med ansatte og lærlingar i Hemsedal og på Gol. Etter detta begynte eg som kjøkkenkonsulent på Strai Kjøken Hallingdal, var der i 3 år, før savnet etter og jobbe med folk å kunne få lov å væra med og gjera ein forskjell i kvardagen for andre med ulike utfordringar kom. Begynte då som tilkallingsvikar i PU boligane her på Gol, og vart etterkvart personlig assistent i Uloba. Har også vert en liten svipptur innom Hallingdal Brann og Redningsteneste som deltids brannkonstabel/røykdykker i eit par år, men dette var litt for optimistisk og krevjande i min situasjon som 100% aleinemamma. Sjølv om jobben var veldig lærerik og spennande, og der fekk ein i alle fall kjenne på det å kunne væra med på å gjera ein forskjell!! Så dukka jobben i Vinn opp, der eg var så heldig og trekkja vinnar loddet blant fleire søkjerar for væl eit år sidan!
Jobben min her på Vinn er utruleg varierande, noko eg likar godt. Og det er ingen problem og glede seg til og gå på jobb her. Vinn er verkeleg ei framoverlent bedrift, der alt til sjuande og sist handlar om og hjelpe andre. Om det er ansatte, deltakerar eller kundar. Mykje spennande skjer heile tida. Med nye tiltak, nye produksssjonar, osb. Her kvilar ikkje ledelsen på lauvbærblada, her er dei opptekne av og følgje med i tida! Eg valde og søkja på jobb her sea eg alltid har høyrt mykje positivt om Vinn som ein stabil, sikker, variert og bra arbeidsplass, med eit godt arbeidsmiljø. Noko som stemmer veldig bra 🙂
FRITID??? 100% aleinemamma til to aktive ungar, som begge kjøyrer motorcross. Mesteparten av tida går til dette. I alle fall i sommarhalvåret. Når det ikke er kjøyring, er det skruing/vedlikehald. I tillegg til dugnader, som forøvrig bør sjåast på som en sosial arena for å møte andre likesinna , og ikkje eit ork…Om det er tid, likar eg veldig godt og gå i fjellet og reise på hengekøyetur. Snusar også litt på hagleskyting og jakt, med ser ut som det er noko ein fær ta att når ungane blir større, og ein fær litt meir FRItid. Om vinteren er det veldig godt og komma seg ut på ski.