Hilde Brennhovd
Jobbveileder
På Vinn hjelper eg folk med å lage ein plan for korleis dei kan kome seg tilbake i jobb, eller klare å stå i jobb. For nokon handlar det om å utforske kva dei er interessert i, kartlegge kva dei har av erfaring og kompetanse og kva moglegheiter dette tilsaman kan gi. For andre er det å sjå på om det kan leggast til rette så dei kan klare jobben sin betre, klare å jobbe meir eller klare å stå i jobb lenger. Nokon får prøve seg ut på ein arbeidsplass. Enten for å prøve noko nytt som kanskje kan bli ein yrkesretning, eller for å prøve kva helsa deira tåler. Som jobbveileder er eg i kontakt med arbeidsgjevarar i heile Hallingdal, og med andre partar som er viktige for deltaker sin karriereutvikling. Det kan vera psykisk helse, DPS, Frisklivsentralane, legar m.m.
Grunnutdanninga mi er diverse universitetsfag, før ein bachelor som barnevernspedagog. Etter utdanninga, jobba eg fire år på to ulike barne- og undomspsykiatriske institusjonar. Deretter var eg tilsett elleve år i kommunal psykisk helseteneste i Fjell kommune utanfor Bergen. I Fjell tok eg vidareutdanning i familieterapi, og jobba mykje med barn, unge og familiar. Eg fekk også høve til å utdanne meg som kognitiv terapeut, og var med i eit prosjekt som dreiv behandling av angst og depresjon for å forebygge eller avgrense bruk av sjukemelding.
Noko av det eg likar best med jobben som jobbveileder, er at den er viktig både for enkeltmenneska eg møter og som del av ein større samanheng. Jobb betyr, for dei fleste, meir enn kun inntekt. Det handlar mellom anna om kjensla av å bidra, vera del av eit sosialt felleskap og kjenne meistring. Jobb gir betre livskvalitet. Mange som er deltakar i tiltak på Vinn, er i ein sårbar situasjon. Dei har opplevd endring av livssituasjonen som ikkje er sjølvvald, og kjenner ofte på usikkerhet og sorg. Tilliten deltakarane viser meg, ved å la meg få vera med i prosessen med å kome seg vidare etter desse endringane, gjer meg audmjuk. Dagen der deltaking i arbeidslivet blir for utfordrande til å handtere åleine, kan kome til oss alle. Å få vera med å bidra til at den enkelte får auka livskvalitet, som igjen gir goder til fellesskapet, er motiverande å vera med på.
Eg er heimflytta halling som etter 24 år i byen, fann ut at fjellturar og langrennsspor er langt kjekkare enn rushtrafikk og bybaneskinner. Rundt huset mitt på Øygardane, har eg drivhus og pallekarmar som eg forsøker å drive litt matauk med. Eg utforskar hengekøyelivet på verandaen, med mål om å kome meg ut i fjellet etter kort, men det er heller ikkje sjeldan du finn meg på sofaen med ein serie rullande på skjermen.