Lundteigen på besøk

«Vinn gjør en stor jobb for å gjøre det lettere for folk å delta i arbeidslivet med sin arbeidsevne. Besøket bare bekrefta Sp sin erfaring at vi må satse sterkere på slike bedrifter fra Stortinget. Svært lærerikt besøk som ga oppmuntring i mitt arbeid i Arbeids og sosialkomiteen.»

Sist veke var Per Olaf Lundteigen (Sp) på besøk hjå VINN Hallingdal.  Lundteigen er oppteken av arbeidsinkludering og meiner det er viktig at politikarar får møte bedrifter som Vinn på heimebane.


Her arbeider Gunnlaug i rammeproduksjonen.

Lundteigen kom saman med dei lokale senterpartipolitikarane Ivar Brevik (Ål Sp) og Vebjørn Håvardsrud (Hol Sp). og dei fekk ei omvisning i tre-avdelinga som ligg i Hol.


Her viser Steinar fram rammer som produseres for Hallingplast. Tre-avdelinga samarbeider med fleire lokale bedrifter i tillegg til eigenproduksjon av utemøblar i impregnert trevirke.

Her er politikarane saman med Ingunn, Harald og Randi som driv VINN si avdeling i Hol.

VINN set stor pris på å få besøk av politikarar, der me kan få belyst både utfordringar og mogelegheiter for framtida. VINN er ei viktig bedrift for heile Hallingdal, samfunnsoppdraget er tydeleg – få fleire hallingar i arbeid!